Nyss hjemkommet fra Malta, et fabelaktig (mer om det senere) og ytterst katolsk lite øysamfunn mellom Sicilia og Tunisia. Det viste seg blant annet i det naturhistoriske museet i byen Mdina, hvor forfatteren av denne plakaten om utviklingslæra tydeligvis måtte ta hensyn til Moderkirken. Kan hende hadde vedkommende hatt nytte av denne morsomme artikkelen om alle eksemplene på råtten design i menneskekroppen. Jeg mener: ville du ha ansatt en designer som koblet øynene feil vei, ga spise- og pusterøret samme åpning, fylte munnen med alt for mange tenner og utstyrte oss med fullstendig unyttige organer og knokler?
27/08/2007 at 15:10
Eg ville i alle fall ikkje ansatt Richard Dawkins som designar, som fyrst presenterte argumentet om auget i boka “The Blind Watchmaker” frå 1986. Sidan den gongen har hans argument møtt motargument mange gonger. Eit motargument er at Dawkins forbetra auge kanskje ville ha vore betre, men det kunne ikkje ha fungert særlig lenge, sidan hans design ville medføra både overoppheting og at fotoreseptorane ikkje ville bli regenerert.
Det virkar som om artikkelen i the Daily Mail baserer seg på forelda eller subjektiv kunnskap fleire plassar. Slik eg høyrte mange gonger då eg vaks opp hadde ikkje blindtarmen nokon funksjon. No har avisa fått med seg det seinare forsking har påvist, at blindtarmen har ein funksjon (særlig tidlig i livet), men kjem med den ganske subjektive påstanden at nytterverdien er utkonkurrert av smerten ein eventuell betennelse vil medføra, og tida det vil oppta i operasjonssalen når blindtarmen må fjernast. Kanskje forfattaren ikkje tok seg bryet med å sjekka at blindtarmbetennsle ikkje lenger krever fjerning, men at ein får medisin i staden?
Det viser seg gong på gong at dei som trur dei har betre design-forslag til det noverande får ganske store problem. Ta det ofte brukte to-røyr-systemet som alternativ til det eksisterande spiserøyr/ pusterøyr-systemet. Det vert argumentert at viss det var to separate røyr – eitt til eting og eitt til pusting – så ville ein unngått mange kvelningsdødsfall. Men det spørs vel om ikkje dødsraten ville vore vel så høg ved to-røyr-systemet, sidan det ville gjera ei tett nase til ein livstrugande tilstand. Det ville vidare vore umogeleg å snakka, sidan lufta ikkje kom i kontakt med tunga.
27/08/2007 at 16:09
Ah, en kreasjonistkommentar – kult! 😉 Men altså: et øye som har nervetrådene på baksiden av netthinnen (en langt fornuftigere løsning) eksisterer allerede og fungerer utmerket uten overoppheting – hos blekksprutene. At blindtarmbetennelse alltid behandles med antibiotika er en sannhet med modifikasjoner, men uansett er antibiotika en såpass ny oppfinnelse at den derfor (foreløpig) er uinteressant i et evolusjonsmessig perspektiv. Og det går utmerket an å snakke uten lyd. Spør enhver bruker av tegnspråk.
27/08/2007 at 17:28
Malta er et fantastisk land å besøke… Gleder meg til å høre mer om turen!
27/08/2007 at 17:41
Så du har vært der du også, altså? 🙂
29/08/2007 at 10:47
Takk for svar.
No er det vel ikkje gitt at eit auge som fungerer bra i vatn vil gjera det på land. Litt undersøking fortel meg at gjenomsnittleg levetid for blekksprutar er 1 – 3 år. Wikipedia skriv at blekksprutar ikkje ser ut til å ha fargesyn. Det er 5 gonger så ljossterkt som det menneskelege auget. Det ser ut til å vera litt for mange variable i samanlikninga du gjer til at ein kan dra slutninga det menneskelege auget burde vore betre laga. Det skal fungera på land, i 80 år, i fargar og med middels ljosintensitet.
Det kan vera eg var feilinformert om blindtarmbehandling. Det var noko eg høyrte her på Haukeland i Bergen. Det gjaldt kanskje eit mildare tilfelle av betennelse. Likevel, viss det er slik at blindtarmen beskytter barna våre mot infeksjonar i tidleg alder er det å ta litt kraftig i å kalla han unyttig, eventuelt at nytteverdien er mindre enn belastningen ved eventuell betennelse. Og vidare, det er vel langt færre som vert råka av slik betennelse enn ikkje?
I tillegg til at to-røyrssystemet ville gjera forkjøling til ein potensielt fatal sjukdom, skulle me også ha kommunisert med tegnspråk? Eg trur kanskje verdens blinde ville ha ein ting og to å innvenda mot den forbetringa. For oss som lever i eit land med mørketid ville også tapet av auditiv kommunikasjon vore merkbart.
Eg kallar meg ikkje kreasjonist, heller skeptikar. Eg syns delar av evolusjonsteorien forutset ein del logiske sprang som strir mot Ochams barberhøvel. Det virkar vidare som om ein del evolusjonsbiologar har ein annan agenda enn den reint vitskaplege. Standardeksempelet er biologen Richard Dawkins med boka ”The God Delusion” som openberrt bruker evolusjonsteorien til eit bestemt formål. Som om det er umogeleg å tru på evolusjon og Gud samstundes, for eksempel.
Det er vel også det som var poenget i dette innlegget om dårleg design i menneskekroppen?
29/08/2007 at 11:05
Jeg skjønner at kreasjonister stadig henviser til Dawkins. Han er en radikal ateist med en til tider ganske arrogant form, som gjør det lett å forkludre et viktig poeng: Det er ikke nødvendigvis noen motsetning mellom gudstro og tilslutning til naturvitenskapen. Problemet oppstår når man forsøker å tvinge vitenskapen innenfor rammene av en bokstavelig bibeltolkning – i dette tilfellet troen på Gud som en totalt ufeilbarlig skaper av dyr og planter. Det tvinger tilhengerne av intelligent design inn i eviglange diskusjoner av det ovenstående slaget, diskusjoner som i mine (feildesignete) øyne er en blindgate for alle involverte. Men hver sin smak, selvsagt. 🙂
30/08/2007 at 15:22
Det er jo ein grei måte å unngå å svara på mine argument =). Langtekkelige som slike debattar kan vera, skal eg koka det ned til fylgjande. Viss ein anklagar korleis menneskekroppen er designa må ein kunna ha ei overbevisande alternativ. Det har eg til gode å høyra. Dessutan kan eg ikkje forstå at den menneskelege nasen er dårlig fordi ho ikkje kan lukta som ein hund.
Ellers ser det ikkje ut til at du veit skilnaden på kreasjonisme og Intelligent Design. Sistnevnte handlar om å tørra å fylgja visse vitskaplege bevis til sin naturlege konklusjon, til dømes korleis den genetiske koden er oppstått. Når kjemikarar ikkje greier å framstilla sjølvkopierande RNA (som er utgangspunktet for alt liv) i laboratorium under slike forhold som var på jorda før livet braut ut (den prebiotiske suppen) bør ein jo halda sinne ope for å forkasta hypotesen. Den dagen dei klarer det skal eg tru at ein heilt blind prosess har styrt evolusjonen. Her er ein interessant artikkel om det temaet.
30/08/2007 at 15:39
* gjesp * Det er lenge siden jeg mistet interessen for å diskutere naturvitenskap med Jehovas vitner, frikirkefolk, UFOnauter, kornsirkeltilhengere, krystallhealere og andre “skeptikere”. Siden jeg hører til dem som ikke tror på et liv etter døden, mener jeg det virkelig når jeg sier at livet er for kort til slikt. Med tanke på alternativet, lever jeg svært godt med beskyldningen om å være en uvitende feiging.
01/09/2007 at 22:13
Ja, var på Malta sommeren 2004, hvis jeg ikke husker feil.